Ullensvang er samansett av gudenamnet Ullin og vang «grasslette». Ullensvang herad ligg midt i Hardanger, og er fordelt over eit stort geografisk område. På Oksen-halvøya ved nordsida av Hardangerfjorden ligg Djønno, medan det meste av av Ullensvang ligg på aust- og vestsida av Sørfjorden. Felles for heile Ullensvang er at busetnaden er samla i små bygder som ligg på ei smal stripe mellom høgfjellet og Hardangerfjorden. Folketalet i heradet er ca. 3.400, med Kinsarvik som administrasjonssenter for heradet.

På austsida av Sørfjorden ligg bygdene ved foten av Hardangervidda, det største høgfjellsplatået i Nord-Europa. På vestsida av Sørfjorden ligg bygdene under fjellrekka som inneheld Folgefonna.Hardangervidda og Folgefonna er viktige rekreasjonsområder for oss som bur her, her har me lett tilgang til fjellvandring, fiske og jakt.