Aurland Hamnevesen KF

Aurland kommune sitt sjøareal omfattar Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, og hamnene Flåm, Gudvangen, Aurland, Undredal, Dyrdal, Styvi og Bakka. Heile sjøarealet ligg innanfor UNESCO sitt verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Det finst faste båtruter i heile året.

Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner og planlegg og byggjer nye anlegg. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaien i Flåm vart teken i bruk. Hamnevesenet har kontor på cruisekaien i Flåm. Post, sak og arkiv vert handtert digitalt av Aurland kommune.