Høyanger kommune

Velkommen til Høyanger kommune! Vi kan tilby eit godt oppvekstmiljø, ei aktiv fritid med spanande aktivitetar og eit næringsliv i utvikling og vekst.

Som besøkjande eller som ny innbyggjar fins det truleg ein del spørsmål du ynskjer svar på. Nokon svar finn du på våre nettsider, men du er også hjartleg velkommen til å kontakte vårt sentralbord om du har ytterlagare spørsmål.

Les meir her

07/12/2017
SØKNADSFRIST: 31.12.2017 Høyanger bibliotek består av hovudbiblioteket i Høyanger tettstad og 5 filialar lokalisert på begge sider av Sognefjorden. 3 av filialane er kombinasjonsbibliotek. Hovudbiblioteket er ope måndag – laurdag. Biblioteksjefen er stasjonert ved hovudbiblioteket. Totalt har biblioteket  3,7 stillingar.  Høyanger bibliotek søkjer no ny biblioteksjef i 100 % stilling frå 01.03.18 .  Stillinga inngår i biblioteket sin vaktplan, inklusive laurdag- og ettermiddagsvakter. Hovudoppgåver for stillinga: Fagleg ansvar for bibliotektenesta i kommunen Initiere og koordinere utviklingsprosjekt Arbeidsleiing av personalet ved hovudbiblioteket og filialane Kvalifikasjonar: Godkjent bibliotekfagleg utdanning Yrkeserfaring som bibliotekar Leiarerfaring Vilje og evne til utvikling av biblioteket, herunder god digital kompetanse Arrangement-kompetanse Førarkort kl. B  Personlege eigenskapar Kreativ, engasjert løysingsorientert gode samarbeidsevner Løn etter avtale. For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Anita Nordheim,  tlf 959 22434 Søknad via vårt elektroniske søknadssenter (trykk på knappen "Søk nå"). Merk søknaden med sak 17/825. SØKNADSFRIST: 31.12.17 Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova .
Høyanger kommune Høyanger, Norge