Eid kommune

Eid kommune har om lag 6000 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Innanfor ein time finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40.000 - 50.000 menneske. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Eid er ein veldriven kommune med full barnehagedekning og er i landstoppen i skule. Kommunen har ledige bustadtomter, byggjer nytt omsorgsenter, fleirbrukshall og park med badeanlegg. Eid er stolt vertskommune for Malakoff rockfestival og Opera Nordfjord. I Eid vil du møte eit lokalsamfunn som skil seg ut frå hopen. Eid er stort nok til å gi deg olbogerom og leve ut draumane dine, og lite nok til å sjå deg og ta vare på deg.