Bykle kommune

Tenkjer du på å flytte til Bykle?  - Kjem du, er du velkomen!

Bykle er rik på det som er fint å vekse opp med, og som gir barna våre grunnleggjande verdiar, ei god ballast å ta med seg vidare. Ein treng tryggleik og positive omgjevnadar og impulsar for å kunne trivast og tru på seg sjølv. Vi som har bodd her ei stund veit alt om dette og vil gjerne at også du, om du vil, skal få oppleve dette. Vi er ikkje mange og vil gjerne bli fleire! Vi trur det er ein fordel at du likar småsamfunn og veit kva det krevst av den enkelte å leve og bu slik.Om du er viljug til å stå på og gjere ein innsats, vert samfunnet vårt enno betre å bu i, og du har kan hende funne ein plass der du vil byggje og bu.

God kommuneøkonomi har gjort det mogleg å investere i gode tilbod innan helse- og sosialtilbod, barne- og ungdomstilbod, kultur- og fritidstilbod. Vi har særs gode aktivitetsbygg både i Bykle og på Hovden og ellers fine lokale innan dei fleste område. Her kan alle oppleve ein god oppvekst, utfordrande næringsliv, eit mangfald av fritidstilbod og ein trygg alderdom.

Som innbyggjar i Bykle kommune får vi i pose og sekk når kommunen satsar på eit heilårleg reiselivstilbod. Ein roleg novemberdag er vi kan hende 900 personar totalt, og midt i påska kan det vere langt over 15 000 på besøk her.

Fritidstilboda er omfattande året rundt og over 30 friviljuge organisasjonar gjer det lett å vere aktiv og finne seg gode vener her.

VELKOMEN TIL OSS!

20/11/2017
SØKNADSFRIST: 06.12.2017 PLEIE OG HJELPETENESTA - habilitering   Pleie- og hjelpetenesta omfattar heimebaserte tenester, alders- og sjukeheim og arbeid med psykisk utviklingshemma. Vi søkjer miljøarbeidar for vaksen jente med psykisk utviklingshemming som får tenester i eigen heim.  Miljøarbeidar • 100 % fast frå 09.01.18. Stillinga går turnus med arbeid 3. kvar helg.   Kvalifikasjonar: • Helsefagarbeidar, eller anna relevant erfaring/utdanning innan området • Du må ha interesse for arbeid med psykisk utviklingshemma  • Det er ønskjeleg med røynsle frå liknande arbeid  • Du må kunne jobbe sjølvstendig • Det er ein fordel om du er sporty, humørfylt og uthaldande • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeide   Vi kan tilby: • Løn etter kvalifikasjonar etter avtale • God pensjons- og forsikringsordning • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad • Flyttegodtgjersle etter eige reglement • Bedriftshytte ved sjøen og leilegheit i Kristiansand   Den som blir tilsett må ha førarkort for bil. Det er krav om godkjent politiattest.   Den som blir tilsett må arbeide etter oppsett turnusplan. Ved behov må ein kunne arbeide innafor dei andre arbeidsområda til pleie og hjelpetenesta. Stillinga kan bli endra.   For stillinga gjeld elles dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.   Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar for pleie og hjelpetenesta Vidar Johnsen tlf. 37 93 86 51 / 41 42 03 01 eller Avdelingssjukepleiar Ragnhild Hoslemo tlf. 37938653 / 47354904   Attestar og vitnemål vil bli spurt etter ved eit eventuelt intervju.
Bykle kommune Bykle, Norge
09/11/2017
SØKNADSFRIST: 24.11.2017 Bykle barne- og ungdomsskule har ledig 100% vikariat som lærar frå 22.01.18 - 21.06.18 - Bykle kommune Er du lærar og har ein draum om å bu i fjellheimen ein vinter? Bykle barne- og ungdomskule har ledig 100 % vikariat som lærar frå 22.01.17 tom. 21.06.18.   Kvalifikasjonskrav • Lærarutdanning • Vi treng ein lærar som kan undervise i 1. – 4. klasse • Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er skikka for stillinga, er fleksibel, har evne til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig.   Vi kan tilby • Løn etter kompetanse • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad   Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest. Spørsmål om stillinga kan rettast til Rønnaug Torvik tlf. 488 94 317.  Vi spør etter vitnemål og attestar ved eit eventuelt intervju.   I samsvar med Offentliglova § 25 kan opplysningar om søkarar bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Dei det gjeld vil bli kontakta dersom offentleggjering blir aktuelt.    Søkjarane må bruke det elektronisk søknadsskjemaet vårt.   
Bykle kommune Bykle, Norge