Flora kommune

Flora kommune ligg heilt ute ved kysten av Sogn og Fjordane og har om lag 12 000 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg frå Ålfotbreen i aust til havet i vest.

Her finn du ein skjergard med eit mylder av små og store øyer og eit innland med brusande elvar, vakre fjelltopparog stille vatn. Kommunen er eit eldorado for naturopplevingar, båtliv, jakt og fiske.

Flora er Noreg sin vestlegaste by, med bysentrum Florø. Byen vart etablert i 1860 og bygd opp på "havet sitt sølv", silda, som ein finn igjen i byvåpenet.

Byen framstår i dag som ein kombinasjon av ein sjarmerande småbyidyll og eit pulserande næringsliv i utvikling.
Her finn du eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Idrettshall, symjehall, fotballbaner, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.

Flora er arena for store årlege arrangement som Fotballflora, Kinnaspel, båtmesse og kystfestival-helga Himmel og Hav, med verdas lengste sildebord. Til alle årstider byr vi på eit rikt utval av kulturtilbod som teater, revy, kino, konsertar, utstillingar og mykje meir.

Næringslivet i kommunen er eksportretta og hovednæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustri og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet. 

Kommunen har gode kommunikasjonar både internt med buss/båtruter og med omverda.Her er direkte flyruter til Oslo og Bergen, ekspressbåtar og ekspressbussar. Hurtigruta har og stoppestad i Florø. Det er enkelt å reise hit.

Vil du vite meir?
Her kan du sjå filmar om Flora!  Kort versjon og  Lang versjon
Velkomen til oss som gjest eller innbyggjar!

26/09/2017
SØKNADSFRIST: 05.10.2017 Ønskjer du å vere med å vidareutvikle musikkteraperapeuttilbodet i omsorgstenesta, så har vi no ledig 50% stilling, i tillegg til ressursen vi allereie har. Stillinga sine arbeidsoppgåver vil være: - Meiningsfulle og målretta musikkaktivitetar både individuelt og for grupper - Skriftlege gjeremål og metodar i arbeidet  - Rettleie medarbeidarar i høve til musikkaktivitetar - Fagansvar kultur og helse /miljøbehandling Kvalifikasjonskrav Relevant musikkterapeutisk utdanning på høgskule/universitetsnivå, søkjarar med anna relevant utdanning vil også bli vurdert. Andre kvalifikasjonar - IT kunnskapar - Erfaring frå liknande arbeid - Personlege eigenskapar som kreativitet og løysingsorientering vert tillagt stor vekt Meir informasjon Informasjon om stillinga får du ved å ta kontakt med pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm tlf. 99028739 eller fagleg leiar Stine Hovland tlf. 41534937.
Flora kommune Flora, Norge
14/09/2017
SØKNADSFRIST: 14.09.2017 Heimeteneste Havrenes 100 % fast sjukepleiar stilling frå snarast Gjerne med vidareutdanning eller interesse for akutt sjukepleie, rehabilitering, geriatri, palliasjon eller psykiatri. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Herdis Hauge Book mobil 41 53 49 36 Felles for sjukepleiar stillingane: sjukepleiarstudentar som blir ferdigutdanna i desember 2017 kan også søkje.Ved tilsetting må alle fremlegge politiattest. Elektronisk søknadsskjema finn du på www.flora.kommune.no Søknadsfrist er 14.09.2017
Flora kommune Flora, Norge
14/09/2017
SØKNADSFRIST: 14.09.2017 Heimeteneste Havrenes 100 % sjukepleiar vikariat frå snarast tom. 31.10.2018 Gjerne med vidareutdanning eller interesse for akutt sjukepleie, rehabilitering, geriatri, palliasjon eller psykiatri. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Herdis Hauge Book mobil 41 53 49 36 Felles for sjukepleiar stillingane: sjukepleiarstudentar som blir ferdigutdanna i desember 2017 kan også søkje.Ved tilsetting må alle fremlegge politiattest. Elektronisk søknadsskjema finn du på www.flora.kommune.no Søknadsfrist er 14.09.2017
Flora kommune Flora, Norge
14/09/2017
SØKNADSFRIST: 14.09.2017 Furuhaugane Omsorgssenter 100 % fast helsefagarbeidar stilling , 20 % av stilling er timebank Gjerne med vidareutdanning eller interesse for geriatri, rehabilitering, palliasjon og psykiatri. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Anja Korneliussen mobil 41 53 49 15.
Flora kommune Flora, Norge
14/09/2017
SØKNADSFRIST: 14.09.2017 Flora Omsorgssenter  100 % fast sjukepleiar/ vernepleiar stilling frå snarast Gjerne med vidareutdanning eller interesse for geriatri, demens eller psykiatri. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Janne Berstad mobil 41 53 49 24 Felles for sjukepleiar stillingane: sjukepleiarstudentar som blir ferdigutdanna i desember 2017 kan også søkje.Ved tilsetting må alle fremlegge politiattest. Elektronisk søknadsskjema finn du på www.flora.kommune.no Søknadsfrist er 14.09.2017
Flora kommune Flora, Norge