Austrheim kommune

Austrheim - Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land.

Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Statoil Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Det er sett i gang bustadbygging som både er sentrumsnært og sjønært. Kommunen har to gode barnehager og 2 barne- og ungdomsskular, med gode høve til leik og idrettsaktivitatar. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.

26/09/2017
SØKNADSFRIST: 10.10.2017 Austrheim kommune lyser med dette ut 100% stilling som allmennlege i spesialisering. Stillinga er ledig frå 01.01.2018 til og med 31.12.2020. Når permisjonstida er over, vil det bli lyst ut ein tredje fastlegeheimel ved legekontoret. Kommunen har søkt om å knyta stillinga til ALIS vest prosjekt i Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Dette er eit prosjekt leia av Bergen kommune for spesialistutdanning  av allmennlegar. Dersom du har spørsmål om ALIS-programmet, kan du sjekke på denne linken: https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/informasjon-til-fastleger/11145  Opplysninger avdeling Stillinga er knytt til Austrheim legekontor som i dag har 2 fastlegeheimlar og tilknytt 2 turnuslegar.  Austrheim Legekontor har velutstyrte lokale, det er knytt fem hjelpepersonell til kontoret. Legekontoret nyttar Infodoc journalsystem. I Helseavdelinga er det også psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, helsesøstre, jordmor og kommunal og privatpraktiserande fysioterapeutar.  Som kommunelege i Austrheim vert du ein del av legevaktsamarbeidet som er organisert gjennom Nordhordland Legevakt i Knarvik. Her vil du gå inn i ein legevaktsturnus.  Arbeidsoppgåver - ansvar for listepasientar på fellesliste for kontoret - felles ansvar for legevakt på dagtid - deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktturnus Offentlege helseoppgåver som kan vere: - tilsynslege ved sjukeheimen - helsestasjonslege - rettleiing av turnuskandidat Krav til kompetanse Vi søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god legeteneste. Du må også ha: - godkjent norsk autorisasjon som lege - fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjer det mogeleg å praktisere som fastlege - ha refusjonsrett frå Helfo - gode samarbeids- og kommunikasjonsevner - god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Språknivå vert vektlagt i tilsetjingsprosessen - godkjent politiattest Kvalifikasjonskrav Vi søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god legeteneste. Du må også ha: - godkjent norsk autorisasjon som lege - fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjer det mogeleg å praktisere som fastlege - ha refusjonsrett frå Helfo - kjennskap til norsk helselovgjeving, ASA avtalen og fastlegeforskrifta - førarkort Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphald i minst tre månader i land med høg førekomst av tuberkolose, må ved tilsetjing legge fram godkjend tuberkulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader. Informasjon om stillinga For nærare opplysningar, ta kontakt med kommuneoverlege Peter Kubon tlf. 56 16 82 00 eller Austrheim kommune 56 16 20 00. Vi kan tilby Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk. God pensjonsordning, KLP. ALIS-legen skal ha ei fastløna stilling som lege i kommunen. Løn etter avtale. Søknad vert å senda Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no . Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000. Kontakter Navn: Olav Mongstad Tittel: Assisterande rådmann E-post:  olav.mongstad@austrheim.kommune.no   Mobil: 91374696   Navn:  Peter Kubon Tittel: Kommuneoverlege/helseleiar E-post:  peter.kubon@austrheim.kommune.no   Arbeid: 56168200
Austrheim kommune Austrheim, Norge
26/09/2017
SØKNADSFRIST: 10.10.2017 Det er ledig ei fast 60,8% stilling som sjukepleiar i nattpatruljen gjeldande frå og med 15.10.17. Opplysninger avdeling Pleie og omsorgstenesta i Austrheim består av 5 avdelingar: Nordliheimen er kommunen sin sjukeheim med 34 plasser. Avdelinga har eigen dement avdeling med sanseahage. Sjukeheimen har 37,24 årsverk fordelt på 63 personer. Nordliheimen har òg arbeidsstove/dagstove for bebuarar og heimebuande brukarar som er på dagplass. Det er to aktivitørar. Kjøkken med reinhald og vaskeri består av 9 personer fordelt på 4,27 årsverk. Heimesjukepleien har 13,61 årsverk fordelt på 24 personer. I tillegg administrerer dei støttekontakttenesta. Dagavdeling for heimebuande demente, tre gonger per veke og starta februar 2013. Tiltak til funksjonshemma, mellom anna Vestlia med 13 leilegheiter og ca. 20 årsverk fordelt på 40 personar.  Arbeidsoppgåver Stillinga er i nattpatruljen og innheldt arbeid på natt og 3. kvar helg. Krav til kompetanse Autorisasjon som sjukepleiar. Vi kan tilby Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk. God pensjonsordning, KLP/SPK. Informasjon om stillinga For nærare opplysningar kontakt avdelingsleiar Monika Kvamme på telefon 56 16 20 40. Søknad vert å senda Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no . Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000. Kontakter Navn: Monika Kvamme Tittel: Leiar PLOMS E-post: monika.kvamme@austrheim.kommune.no   Mobil: 91865391 Arbeid: 56162040
Austrheim kommune Austrheim, Norge
26/09/2017
SØKNADSFRIST: 10.10.2017 Fast 60% stilling i Kulturavdelinga på biblioteket fom 01.11.2017 Opplysninger avdeling Austrheim folkebibliotek har to bibliotekeiningar, hovudbiblioteket på kommunehuset og filialen på Kaland barne- og  Ungdomsskule. Vi har ansvaret for skulebiblioteka i kommunen, i tillegg til avtale om drift av skulebiblioteket på Austrheim vidaregåande skule. Arbeidsoppgåver - Arbeid med utlån til publikum - Formidling av litteratur, spesielt retta mot born og unge - Katalogisering og adminstrasjon i bibliotekkatalogen - MM3 - Stå for ulike arrangement på biblioteket Krav til kompetanse Bibliotekarutdanning/høgskuleutdanning. Gode datakunnskapar og kompetanse i bruk av datakatalog Mikromarc . Personlege eigenskaper Leseglede og formidlingsglede Vere utadretta mot publikum, og kunne jobbe i team  Informasjon om stillinga For nærare opplysningar kontakt avdelingsleiar Kari Torkildsen Utkilen på telefon 56162007/mobil 95942213. Vi kan tilby Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk. God pensjonsordning, KLP/SPK.  Søknad vert å senda Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no . Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000. Kontakter Navn: Kari Torkildsen Utkilen Tittel: avdelingsleiar E-post:  kari.utkilen@austrheim.kommune.no   Mobil: 95942213 Arbeid:  56162007
Austrheim kommune Austrheim, Norge