14/09/2017

Konsulent byggesak - 100% fast stilling

  • Meland kommune
  • Meland, Norge
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse

melandkommune_top.jpg
SØKNADSFRIST: 14.09.2017

Konsulent byggesak - 100% fast stilling

Stillingsinformasjon 

Ved tenesteområdet Plan, utbygging og kommunalteknikk er det ledig fast stilling som Konsulent byggesak frå 01.10.2017. Konsulenten vil inngå i eit team med tre andre saksbehandlarar på byggesak, som handterer alle søknader om tiltak medrekna delingssøknader, og tilhøyrande saksområde. 

Arbeidsplass 

Tenesteområdet omfattar om lag 44 tilsette, der 19 medarbeidarar har oppgåver knytt til saksbehandling, utbygging og forvaltning innan kommunen sine tekniske tenester: utbygging og forvaltning av kommunale bygningar og kommunaltekniske anlegg, offentlege og private planar, byggesaker, kart og GIS-tenester, oppmåling, miljø, landbruk og kommunal eigedom. Avdelinga praktiserer eit omfattande tverrfagleg samarbeid, og er aktiv i interkommunale faglege nettverk. Det er gjort vedtak om kommunesmanslåing med Radøy og Lindås frå 2020, noko som vil forsterke eit allereie robust fagmiljø i regionen. 

Meland kommune er i sterk utvikling. Eit aktivt næringsliv og gode kommunikasjonar til Bergen med snøggbåt, ekspressbuss og E39, gjer kommunen svært populær som bustadkommune. 

Arbeidsoppgåver 

Oppgåvene omfattar m.a. saksbehandling og oppfølging av byggesaker, handtering av ulike tidsfristar, oversending av saker på høyring eller klagevurdering, gebyrfastsetting, koordinering av sakene mot andre etatar så som renovasjon og feiing, formidling av eigedomsopplysningar, handtering av sanitærmeldingar, rettleiing, ivaretaking av møtesekretærfunksjonen v/politisk utvalsmøte, oppfølging av elektroniske saksbehandlingssystem mm. 

Kvalifikasjonskrav 

- Vi søkjer deg som har relevant utdanning innan administrasjon-, økonomi- eller ingeniørfag, minimum på bachelornivå. 
- Anna utdanning i kombinasjon med relevant erfaring kan vurderast. 

Vi vil legge vekt på at den som får stillinga 

- Har relevant erfaring innan saksfeltet 
- Har solid kjennskap til regelverket som gjeld for byggesaksbehandling og relaterte felt 
- Har positiv tilnærming til oppgåvene 
- Tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig 
- Likar å samarbeide 
- Arbeider effektivt 
- Likar publikumskontakt 
- Legg vekt på god service 
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne 
- Er lojal 

Vi tilbyr 

- Interessante oppgåver 
- Fleksibel arbeidstid 
- Godt og tverrfagleg arbeidsmiljø 
- Løn etter avtale 
- God pensjonsordning 

Søknad vert å sende 

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. 

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. 

Kontakter 

Navn: Anny Bastesen 
Tittel: Sektorsjef teknisk 
E-post: anny.bastesen@meland.kommune.no 
Mobil: 40038893 

Navn: Tore Johan Erstad 
Tittel: Fagansvarleg byggesak 
E-post: tore.johan.erstad@meland.kommune.no 
Mobil: 40286556 

Søknadsfrist: 14.09.2017

Ansettelsesform

Fast

Søk nå