14/09/2017

Leiar for teknisk drift og vedlikehald

  • Meland kommune
  • Meland, Norge
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør Ledelse Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse

melandkommune_top.jpg
SØKNADSFRIST: 14.09.2017 

Leiar for teknisk drift og vedlikehald - 100% fast stilling

Stillingsinformasjon 

Ved tenesteområdet Plan, utbygging og kommunalteknikk er det ledig fast stilling som leiar for drifts- og vedlikehaldsavdelinga frå 01.11.2017. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av veg-, vatn- og avlaupsnettet, kyrkjegarden og alle kommunale bygningar og bustader, medrekna vaktmeistertenester og reinhald. 

Arbeidsplass 

Sjølve tenesteområdet omfattar om lag 45 tilsette, der 25 medarbeidarar har oppgåver innan teknisk drift og vedlikehald. Avdelinga er delt i tre stasjonar med kvar sin oppsynsmann eller fagleg leiar; veg- vatn- og avlaupsanlegg og kyrkjegard, kommunale bygg og reinhald. Dei tre stasjonane praktiserer eit omfattande tverrfagleg samarbeid, og er aktiv i interkommunale nettverk. Det er gjort vedtak om kommunesamanslåing med Radøy og Lindås frå 2020, noko som vil forsterke eit allereie robust fagmiljø i regionen. 

Meland kommune er i sterk utvikling. Eit aktivt næringsliv og gode kommunikasjonar til Bergen med snøggbåt, ekspressbuss og E39, gjer kommunen svært populær som bustadkommune. 

Arbeidsoppgåver 

Oppgåvene omfattar koordinering og leiing av teknisk drift og vedlikehald, med økonomiansvar, personalansvar, fagleg ansvar, miljøansvar, teknisk beredskap og utviklingsansvar. Ei viktig oppgåve framover er å ta i bruk fleire elektroniske verktøy.Teknisk drift og vedlikehald samarbeider elles tett med faggruppe Utbygging og eigedomsforvaltning, som m.a. handterer investeringsoppgåvene, diverse temaplanar, standarder, generell saksbehandling og utleige av kommunale bustader. Leiar for drifts- og vedlikehaldsavdelinga sorterer direkte inn under Sektorsjef teknisk. 

Kvalifikasjonskrav 

Vi søkjer deg som har relevant erfaring frå leiing og koordineringsarbeid innafor kommunalteknisk sektor. Gjerne med utdanning innan ingeniørfag - bygg og anlegg. Anna utdanning i kombinasjon med relevant erfaring kan vurderast. Du må vere god på dialog og samtidig opptre med mynde. 

Vi vil legge vekt på at den som får stillinga 

- Arbeider effektivt og systematisk 
- Har solid kjennskap til regelverket innan teknisk sektor 
- Handterer elektronisk saksbehandlingsverktøy 
- Har positiv tilnærming til oppgåvene 
- Er kontaktskapande og samlande 
- Likar publikumskontakt 
- Legg vekt på god service 
- Har god framstillingsevne 
- Har gode referansar 
- Er lojal 

Vi tilbyr 

- Interessante oppgåver 
- Fleksibel arbeidstid 
- Godt og tverrfagleg arbeidsmiljø 
- Løn etter avtale 
- God pensjonsordning 

Søknad vert å sende 

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. 

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. 

Kontakter 

Navn: Anny Bastesen 
Tittel: Sektorsjef teknisk 
E-post: anny.bastesen@meland.kommune.no 
Mobil: 40038893 

Søknadsfrist: 14.09.17

Ansettelsesform

Fast

Søk nå