06/09/2017

Fræna vgs- Lærar i naturbruk -blå 100 % fast

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Fræna vidaregåande Skule, Bøen, Elnesvågen, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 30.09.2017

Fræna vidaregåande skole ligg i Elnesvågen - 25 km frå Molde. Skolen ligg vakkert til ved Romsdalskysten med lett tilgang til både fjord og fjell. Skolen har ca 400 elevar og tilbyr både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skolen står for kunnskap og trivsel i eit miljø prega av kvalitet og likeverd.

Skolen er i stadig endring med nye og spennande opplæringstilbod og vi legg mykje arbeid i internasjonalisering, samarbeid med næringslivet og tilpassa opplæring. Sjå presentasjonsfilm av skolen på Facebook.

Fræna vgs- lærar i naturbruk -blå 100 % fast

Beskrivelse

Arbeidsstad

Fræna vidaregåande skole

Opplysningar om stillinga

Oppstart 1. november 2017

Krav til kompetanse

Relevant fagbrev, 2-årig yrkesteoretisk utdanning utover vgo, 4 års praksis og praktisk-pedagogisk utdanning. Dersom ein ikkje har praktisk-pedagogisk utdanning, kan ein etter søknad få støtte til å ta denne utdanninga på deltid.
Vidare må søkjaren ha kystskippersertifikat (D5).
Skolen legg vekt på god relasjonskompetanse og IKT-kompetanse. 

Erfaring

Skole legg vekt på erfaring frå firkerinæringa.

Vi tilbyr

• Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogeleg tenester.
• Introduksjonsprogram
• Leiarutviklingsprogram
• Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
• Utvikling for kvar medarbeidar
• Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
• Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Søkarliste / Søkerliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering. 

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.

Kontakter

Ansettelsesform

Fast

Søk nå