06/09/2017

Landmålar /GIS-ingeniør - 100 % fast stilling

  • Vestnes kommune
  • Vestnes, Norge
Arkitekt - Geografi - Landskap Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.09.2017

Tekniske tenester har ansvar for drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar, grøntområder og avløpsanlegg/avløpsrensing, utbygging av bustadfelt og næringsområder, oppmålinga GIS og adressering, plan - og byggesaksbehandling, landbruks-/miljø-/vilt- og skogsaker, brann feiing og tilsyn, kyrkjegardsgraving m.m. Eininga har 9 fagarbeidarar i uteseksjonen i tillegg til deltidsmannskapa i brannvernet, og 9 saksbehandlarar på dei ulike fagområda. Eininga har stor etterspørsel etter tenester og brukar delvis ekstern hjelp til å dekke deler av desse.

Stillingstype

Landmålar/GIS-ingeniør i 100 % fast stilling

Arbeidsstad

Tekniske tenester

Arbeidsoppgåver

- drift av kartløysingar for interne og eksterne brukarar
- forvaltning av kartdata
- eigedomsmålingar
- matrikkelarbeid
- offentleg adressering
- rettleiing til innbyggarar i eigedomsfaglege spørsmål

Kvalifikasjonar

- relevant utdanning frå høgskule/universitet
- erfaring frå kommunal tenesteproduksjon er ein fordel
- kjennskap til relevant lovverk
- gode norskkunnskapar, både muntleg og skriftleg. 
- ha god kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er nøyaktig og ansvarsbevisst
- er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- vere serviceinnstilt til innbyggarar og andre kundar

Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- mange og varierte arbeidsoppgåver
- kommunen er IA-bedrift 
- kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser

Oppgi referanser.

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

Kontakter

Navn: Emil Balstad
Tittel: Einingsleiar
E-post: emil.balstad@vestnes.kommune.no 
Mobil: 481 25 480
Arbeid: 71 18 40 69

Ansettelsesform

Fast

Søk nå