06/09/2017

Fysioterapeut - 100 % stilling - Heimetenestene

  • Vestnes kommune
  • Vestnes, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

vestneskommune_top.jpg

SØKNADSFRIST: 25.09.2017

Tekniske tenester har ansvar for drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar, grøntområder og avløpsanlegg/avløpsrensing, utbygging av bustadfelt og næringsområder, oppmålinga GIS og adressering, plan - og byggesaksbehandling, landbruks-/miljø-/vilt- og skogsaker, brann feiing og tilsyn, kyrkjegardsgraving m.m. Eininga har 9 fagarbeidarar i uteseksjonen i tillegg til deltidsmannskapa i brannvernet, og 9 saksbehandlarar på dei ulike fagområda. Eininga har stor etterspørsel etter tenester og brukar delvis ekstern hjelp til å dekke deler av desse.

Stillingstype

Det er frå 01.12.2017 ledig fast 100 % stilling for fysioterapeut.

Arbeidsstad

Fysioterapeuten er samlokalisert med 1 kommunefysioterapeut, 1,5 private fysioterapeutstillingar med driftsavtale, ergoterapeut og fotterapeut på Aktivitetssenteret på Helland. Aktivitetssenteret, som inneheld nye og godt tilrettelagte lokalitetar, ligg i nærleiken av sjukeheim/institusjonar, legesenter, heietenestene, helsestasjon og kommunehus. Administrativ leiar vil vere einingsleiar for heimetenestene.

Ansvarsområde/Arbeidsoppgåver

Stillinga inneheld varierte arbeidsoppgåverog arbeid med menneske på ulike arena i ulike aldrar. Samarbeid og fordeling av arbeidsoppgåver med den andre kommunefysioterapeuten.

- fysioterapioppfølging av barn og unge. Habilitering. Skulehelseteneste.
- rehabilitering/opptrening for heimebuande eldre/vaksne både på Aktivitetssenteret og i heimen
- fysioterapi for bebuarar ved ulike institusjonar
- tett samarbeide med heimetenestene
- førebyggande/helsefremjande oppgåver

 

Kvalifikasjonar

- offentleg godkjenning som fysioterapeut
- erfaring med barnefysioterapi
- evne til å være fleksibel, og arbeide sjølvstendig
- god samarbeidsevne og interesse for rehabilitering og tverrfagleg samarbeid
- IT kunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne
- må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar

- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- har godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Referanser

Oppgi referanser.

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

Kontakter

Navn: Greta Bjerke
Tittel: Kommunalsjef
E-post: greta.bjerke@vestnes.kommune.no 
Mobil: 911 42 009
Arbeid: 71 18 40 71

Navn: Elisabeth Sylte
Tittel: Einingsleiar
E-post: elisabeth.sylte@vestnes.kommune.no 
Mobil: 415 18 322
Arbeid: 71 18 10 05

Ansettelsesform

Fast

Søk nå