06/09/2017

Sjukepleiar med fagansvar - 100 % stilling - Heimetenestene

  • Vestnes kommune
  • Vestnes, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

vestneskommune_top.jpg

SØKNADSFRIST: 25.09.2017

Heimetenestene ligg i Vestnes sentrum nær både bussknutepunkt og hurtigbåt til Molde. Eininga består av heimesjukepleie, heimehjelp, heimevaktmester, fysioterapeut, ergoterapeut, fotterapeut og dagsenter. 

Tenestene har brei tverrfagleg kompetanse. Personale i heimetenestene er ein arbeidsvillig gjeng med dyktige fagpersonar som har som mål å gje tenester med god kvalitet.

Stillingstype

Det er ledig 100 % stilling for sjukepleiar med fagansvar ved Heimetenestene. Stillinga er i turnus med arbeid 3. kvar helg. Det kan bli organisatoriske endringar ved Heimetenestene og ein må då påberkne endringar i stillinga.

 

Arbeidsoppgåver

- skal koordinere og samordne den godkjente personalressursen ut i frå tildelt ressurs gjennom arbeidslister/vekeplan og god arbeidsfordeling
- sørge for å gjennomføring av CosDoc møte i personalgruppa
- arbeide for fagleg kvalitetssikring og utvikling
- sikre eit hensiksmessig rapportsystem, sikre god informasjonsflyt og dokumentasjon, viser til rutiner for dokumentasjon
- delta på ulike møter
- ansvar for nødvendig opplæring av nytilsette/vikarar

Arbeidsoppgåvene vil være retta mot både direkte og indirekte pleie- og omsorgsoppgåver, samt forvaltning av personell og økonomi.

Stillinga er ledig frå medio oktorber 2017

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter personar som er positiv til nytenking, fagleg engasjert, med samarbeidsvilje og som kan arbeide sjølvstendig. God datakunn med tanke på elektroniske fagsystem og program i høve vikarinntak, turnus m.m.

- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar

- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- har godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser

Oppgi referanser.

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

Kontakter

Navn: Greta Bjerke
Tittel: Kommunalsjef
E-post: greta.bjerke@vestnes.kommune.no 
Mobil: 911 42 009
Arbeid: 71 18 40 71

Navn: Elisabeth Sylte
Tittel: Einingsleiar
E-post: elisabeth.sylte@vestnes.kommune.no 
Mobil: 415 18 322
Arbeid: 71 18 10 05

 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå