06/09/2017

Miljøterapeut - 100 % fast stilling - Bakketun

  • Vestnes kommune
  • Vestnes, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

vestneskommune_top.jpg

SØKNADSFRIST: 25.09.2017

Bu- og habiliteringstenestene er ei eining med 290 tilsette som yter tenester til om lag 75 tenestemottakarar i ulik alder og funksjonsnivå. Tenestene er i dag inndelt i 12 bueiningar og dei fleste bustadane er lokalisert i Vestnes sentrum, nær både bussknutepunkt og hurtigbåt til Molde. Vi har også dagsenter og aktiveringstilbod lokalisert i Myra området som også ligg i nærleiken av sentrum.Vi kan tilby eit breitt fagmiljø beståande av ulike profesjonar som opptekne av å ivareta rettsikkerheita til tenestemottakarane og yte gode tenester ut frå behov.

Bustadene ligg i naturskjønne omgivelser like ved sjøen med lett tilgang til turstiar og gapahuk. Kommunen har mange flotte fjell med merka turar.

Stillingstype

Vi søkjer etter miljøterapeut til ledig 100 % stilling ved bueining Bakketun. Arbeidstid i turnus dag/kveld/3. kvar helg.

Arbeidsstad

Bakketun ligg i nærleiken av Vestnes sentrum. Bu-og habiliteringstenestene yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i den enkeltes heim og er individuelt tilrettelagt.

Fagansvar som:

- som miljøterapeut med fagansvar
- arbeidet inneber nødvendig oppfølging og ledsaging til arbeid, helsetilbod og fritid, samt ansvar knytt til brukaren sine ulike hjelpebehov
- observere og kartlegge bruk av tvang. Dersom det er nødvendig bruk av tvang, har ein ansvar for saksutgreiing, gjennomføring og evaluering av tiltak
- opplæring etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og andre faglege tema
- utarbeiding av rutiner i tråd med aktuelt lovverk, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter personar som er utdanna vernepleiar eller andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial eller pedagogiske fag.

For stillinga legg vi og vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
- kunnskap om psykisk utviklingshemming
- kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- fagleg engasjert
- ferdigheter innan målretta miljøarbeid og individuell tilrettlegging
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- ønskeleg med kompetanse i handtering av utfordrande atferd
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med autismeproblematikk
- datakunnskap
- du må ha førarkort kl B.
- rettleiingskompetanse

Personlege eigenskapar

- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr

- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser

Oppgi referanser.

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

Kontakter

Navn: Anna S Vollen Balstad
Tittel: Einingsleiar
E-post: anna.balstad@vestnes.kommune.no 
Mobil: 416 93 402
Arbeid: 71 18 10 5 2

Navn: Else Marie Legernes
Tittel: Dagleg leiar/stabsmedarbeidar
E-post: else.legernes@vestnes.kommune.no 
Mobil: 915 94 165
Arbeid: 71 18 10 53

Ansettelsesform

Fast

Søk nå