07/09/2017

Reinhaldar - 2. gangs utlysing

  • Bykle kommune
  • Bykle, Norge
Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse

Bykle kommune sitt kommunevåpen
SØKNADSFRIST: 22.09.2017

100% fast stilling som reinhalar er ledig frå snarast.  Arbeidstad for tida:  ulike eigedomar i Bykle.

Det er 5 dagars arbeidsveke.  Arbeidsoppgåvene er dagleg og periodisk reinhald.  Det kan bli endring i arbeidsområdet.  Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil i tenesta.  

Kvalifikasjonar:  
Røynsle frå liknande arbeid.  Det er ein fordel med fagbrev som reinhaldsoperatør.  Den som blir tilsett må ha gode norskkunnskapar og kunne uttrykkje seg godt, både skriftleg og munnleg.  Det blir lagt vekt på at ein er fleksibel, påliteleg, kan samarbeide og er personleg egna for stillinga.

Vi kan tilby:
Løn som reinhaldar etter tariff.  Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tilsetning skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.  Det blir trekt 2% pensjonistinnskot.  Spørsmål om stillinga kan rettast til reinhaldsleiar Ruth Stangenes:  37938612 / 976 84 205 eller epost:  ruth.stangenes@bykle.kommune.no.

Attestar og vitnemål blir spurt etter ved eit eventuelt intervju.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå