14/09/2017

Tenesteleiar/rektor ved Fjellgardane skule

  • Bykle kommune
  • Bykle, Norge
Rektor - Styrer

Stillingsbeskrivelse

Bykle kommune sitt kommunevåpen

SØKNADSFRIST: 29.09.2017

Tenesteleiar/rektorstillinga inngår i rådmannen sin leiargruppe og vil vere ein bidragsytar for utvikling av kommunen sine tenester.

Vi ønskjer deg som er utviklingsretta, tydeleg og inkluderande med god kompetanse og eit stort engasjement for skule.

Kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar. Eining Fjellgardane skule omfattar 1 til 7. klasse, SFO, samt tilrettelagt avdeling. Fjellgardane skule har dei siste åra hatt vurdering for læring (VFL) og PALS som satsingsområde. Dette året jobbar skulen med språkløyper.

Ansvarsområder

  • Fag-, økonomi-, personal- og resultatansvar med rapportering til rådmannen
  • Samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Sakshandsaming
  • Motivere tilsette og elevar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Tek initiativ til pedagogisk og administrativ nytenking, og til å gjennomføre nødvendige endringar
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet
  • Kunnskap om personal- og endringsleiing, utviklings- og omstillingsprosessar
  • God til å utrykke deg skriftleg og munnleg
  • Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er skikka for stillinga, er fleksibel, har evne til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig.

Vi kan tilby

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand

Stillinga er ledig frå 01.02.2018.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Rådmann Tallak Hoslemo tlf. 918 69 907

Søkjarane må bruke det elektroniske søknadsskjemaet vårt via knappen "Søk nå"

Søknadsfrist: 29. september 2017

Ansettelsesform

Fast

Søk nå