06/11/2017

Sjukepleiar ved Svelgen Omsorgssenter

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 26.11.2017

Ved Svelgen Omsorgssenter er det ledig 2 stillingar som sjukepleiar i 100%.

Vi søkjer etter personar som er offentleg godkjente sjukepleiarar.

Dei som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet.

Bremanger kommune:

• Vi nyttar mellom anna løn som verkemiddel for å rekruttere.
• Har gode pensjonsordning og heildøgns forsikring.
• Hjelper til å skaffe bustad og barnehageplass

I mars 2016 flytta vi inn i eit heilt nytt Omsorgssenter. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og til rettelagd arbeidsplass.

Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, palliativ omsorg og kreft.
Vi arbeider i årsturnus kor medarbeidarane har anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si.

Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av nyare dato.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg arbeidsmiljø ilag med mange gode
medarbeidarar!

For nærare opplysningar, ta kontakt med driftssjef Hilde Gretha Hauge tlf:95 98 93 10

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden. 

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå