20/11/2017

80% vikariat som sjukepleiar

  • Vanylven kommune
  • Vanylven, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: Snarast

Vanylven kommune har ledig 80 % vikariat som sjukepleiar ved Vanylven helse- og omsorgssenter ved avdeling 3. Vikariatet er ledig frå d.d. og varer til november 2018. Avdelinga har 3 x 9 plassar i fine lokaler i omsorgssenteret som stod ferdig i 2014. 

ID 507

Kvalifikasjonskrav:

Norsk godkjend sjukepleiarutdanning. Vi søkjer primært etter sjukepleiar, men helsefagarbeidarar eller andre med relevant utdanning er også velkomne til å søkje på vikariatet.

Personlege eigenskapar:

- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- God samarbeidsevne
- Positiv og løysingsorientert
- På grunn av arbeidet sin art er det viktig at søkjar har god helse

Arbeidsoppgåver:

- Sjølvstendig ansvar for å ivareta sjukepleiarfunksjonane; helsefremjande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og miljøterapeutiske tiltak overfor akutt sjukdom/skade, pasientar med kronisk sjukdom og funksjonssvikt, eldre med behov for pleie og omsorg, og grupper som er særlig utsett for helsesvikt.
- Vurdere behov og planlegge pleietilbodet, og sette i gong tiltak og utarbeide prosedyrar i den samanheng
- Administrasjon av medikament etter forskrifter og vedtekne rutinar
- Dokumentasjon og rapportering
- Iverksetting og oppfølging av medisinsk ordinert behandling
- Rettleiing og opplæring av det personale
- Sørgje for faglig forsvarleg i sjukepleieteneste, rapportere og gi innspel til leiinga om forbetringar som sikrar kvalitet i tenesta.

Vi tilbyd:

Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode muligheiter for sjølvutvikling
Eit stimulerande arbeidsmiljø med stor grad av fridom.
Eit godt, inkluderande og samlokalisert fagmiljø. Kommunen har svært god pensjonsordning.

For nærare opplysningar kan de ta kontakt med avdelingsleiar Rose Mari Thunem Nygård på Tlf. 700 30 000/ 700 30231. Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til intervju. Tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande regulativ og avtalar.

Kortfatta søknad med cv kan du sende på kommunen sitt søknadsskjema som du finn ved å trykke på knappen "Søk nå" på denne sida. Gjer vel å gje opp referansar. Kopi av attestar og vitnemål leverast ved førespurnad. Ved tilsetting må godkjend politiattest leverast.Gje opp stillings ID i søknaden.

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå