07/12/2017

Biblioteksjef

  • Høyanger kommune
  • Høyanger, Norge
Kultur - Bibliotek

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 31.12.2017

Høyanger bibliotek består av hovudbiblioteket i Høyanger tettstad og 5 filialar lokalisert på begge sider av Sognefjorden. 3 av filialane er kombinasjonsbibliotek. Hovudbiblioteket er ope måndag – laurdag. Biblioteksjefen er stasjonert ved hovudbiblioteket. Totalt har biblioteket  3,7 stillingar.  Høyanger bibliotek søkjer no ny biblioteksjef i 100 % stilling frå 01.03.18 . 

Stillinga inngår i biblioteket sin vaktplan, inklusive laurdag- og ettermiddagsvakter.

Hovudoppgåver for stillinga:

  • Fagleg ansvar for bibliotektenesta i kommunen
  • Initiere og koordinere utviklingsprosjekt
  • Arbeidsleiing av personalet ved hovudbiblioteket og filialane

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent bibliotekfagleg utdanning
  • Yrkeserfaring som bibliotekar
  • Leiarerfaring
  • Vilje og evne til utvikling av biblioteket, herunder god digital kompetanse
  • Arrangement-kompetanse
  • Førarkort kl. B 

Personlege eigenskapar

  • Kreativ, engasjert
  • løysingsorientert
  • gode samarbeidsevner

Løn etter avtale.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Anita Nordheim,  tlf 959 22434

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter (trykk på knappen "Søk nå"). Merk søknaden med sak 17/825.

SØKNADSFRIST: 31.12.17

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå