21/12/2017

Sjukepleiar 2x100 % stillingar ved Heimetenester

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 20.01.2018

Heimetenesta har ansvar for ulike oppgåver knytt til å førebygge, behandle og tilrettelegging for mestring av sjukdom, skade og nedsett funksjonsevne.

Vi ynskjer oss kvardagsheltar som har lyst til å utgjere ein forskjell.
Definisjon av ein kvardagshelt:
Det er ikkje eit ord du finn i ordboka. Men det er eit fantastisk ord som romme mykje hjå den som får "tittelen". Ein kvardagshelt er ein person som reddar dagen, og som bidreg til å gjere nokre sin kvardag betre. Dei er hjelpsame og gjer gode handlingar kvar dag. Ein kvardagshelt står sjeldan i rampelyset, men speler ein viktig rolle i mange sitt liv. Dei har respekt for sine medmenneske og ynskjer å bidra slik at kvar enkelt får det best mogeleg i sitt eiget liv. For å få til dette må kvardagshelten væra usedvanlig smart og finne kreative løysningar på mange utfordringar. Dei har eit sterkt mot, godheit og evna til å dømme rettferdig samtidig som dei er fleksible og i stand til å yte hjelp der den trengs.

Kvalifikasjonar:

* Autorisert sjukepleiar/vernepleier
* Nasjonal norskprøve nivå 3/B1,bestått både munnleg og skriftlig
* Førarkort B
* Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader

Vi ynskjer at du:

* Er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar
* Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
* Har gode IKT kunnskapar - (vi bruker Gerica-systemet)
* Liker utfordringar og er faglig fokusert
* Det blir lagt vekt på personlig eigenskapar

Vi tilbyr:

* Varierte arbeidsoppgåver med mogelegheit for å påverke og utvikle tenesta.
* Kurs og opplæring
* Deltaking i faglig forum
* Støtte til relevant vidareutdanning
* Dyktige, inkluderande og hyggelige kollegaer/kvardagsheltar
* Konkurransedyktig lønn med eit rekruttere/behaldetillegg på 25.000 kr i året (v/ 100% stilling)
* Eit breitt spekter av utfordringar med pasientar i alle aldersgrupper og ulike hjelpebehov
* Tredelt turnus m/ jobb kvar 3. helg (dag og kveld)

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Marie Louise Cappelen Skråmestø
Avdelingsleiar heimetenester
Mobil 916 73 952
Marie Ødegaard
Fagsjukepleiar
Mobil 916 73 990

Ansettelsesform

Fast

Søk nå