08/01/2018

Ergoterapeut ved Fysio-og ergoterapiavdelinga

  • Flora kommune
  • Flora, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 22.01.2018

Fysio- og ergoterapiavdelinga har ledig stilling for ergoterapeut frå 1 april 2018.

Flora kommune har eit aktivt lokalsamfunn med eit mangfald av aktivitetar alt etter interesse. 
Her er flyplass og gode hurtigbåt og buss forbindelsar, - og Florø by er sykkelby.

Fysio- og Ergoterapiavdelinga er ei avdeling med 10,5 stilling fordelt på fysio- og ergoterapi, vaktmeister for tekniske hjelpemiddel og sekretær. Avdelinga held til i Florø sentrum og er lokalisert saman med andre faggrupper på eit lokalt medisinsk senter.

Du som søkjer må vere offentleg godkjent ergoterapeut og

  • like å arbeide med og ha erfaring frå hab-/rehabilitering 
  • ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • vere positiv, fleksibel og handlingsretta
  • like utfordringar og ha evne til å bidra aktivt 
  • kunne jobbe sjølvstendig og utadretta 
  • like å arbeide med alle aldersgrupper
  • ha fokus på brukar
  • kunne kartlegge og formidle brukaren sin funksjon i hovudsak innan heim, skule og fritid
  • ha sertifikat

Vi kan tilby:

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver som bustad og ADL -vurdering, tidleg innsats - kvardagsrehabilitering og fleirfagleg blikk i barnehage, førebyggande heimebesøk, opplæring i bruk av elektrisk rullestol, prosjektarbeid, læring -og meistringstilbod, kartlegging og iverksetting av tiltak i høve kognitive utfordringar. 
  • tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • gode arbeidskollegaer
  • løn etter gjeldande tariffavtale

Tilsetting skjer på vilkår av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Ved tilsetting vil det bli kravd politiattest og registrering for tuberkulose og MRSA. Det vert i stor grad lagt vekt på personlege kvalifikasjonar. Intervju må påreknast.

Kontakter

Navn:  Anita Norstrand
Tittel: tenesteleiar Helse/Helseleiar
E-post: anita.norstrand@flora.kommune.no
Mobil: 41536130
Arbeid: 41536130

Navn:  Evy Aarsheim
Tittel: avdelingsleiar
E-post: evy.aarsheim@flora.kommune.no
Mobil: 95932851
Arbeid: 95710059

Ansettelsesform

Fast

Søk nå