08/01/2018

Prosjektkoordinator - store utbyggingsprosjekt på fylkesveg

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kristiansund, Norge
Arkitekt - Geografi - Landskap Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 21.01.2018

Ved Samferdselsavdelingaer det ledig 100 % fast stilling som prosjektkoordinator for store fylkesvegprosjekt.

Om samferdselsavdelinga
Samferdselsavdelinga forvaltar vegeigaransvaret for om lag 3200 km fylkesveg på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune, og har ansvaret for kollektivtransporten i fylket. Avdelinga er organisert i fire fagseksjonar og ein stabsseksjon. Det er i alt 51 tilsette på avdelinga, dei fleste har arbeidsstad Molde. Kundesenteret og IKT-driftspersonell er lokalisert i Kristiansund.

Infrastrukturseksjonen
Prosjektkoordinatoren ligg til infrastrukturseksjonen og rapporterer til seksjonsleiaren. Seksjonen har ansvaret for investering, og drift og vedlikehald av det fylkeskommunale vegnettet i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for alt frå små vegprosjekt, til bygging av store prosjekt, som Nordøyvegen. Nordøyvegen har ei kostnadsramme på 3,8 milliardar kroner. Investeringsrammene på fylkesveg vil i åra som kjem, vere om lag 1 milliard kroner per år.

Statens vegvesen er Møre og Romsdals fylkeskommune si fagavdeling og utførande på fylkesvegnettet. 

Oppgåver og ansvar

Oppgåver til prosjektkoordinator:

  • Etablere og følgje opp rutinar for den fylkeskommunale styringa av Nordøyvegprosjektet og andre store fylkeskommunale vegprosjekt.
  • Utarbeide politiske og administrative saker. 
  • Følge opp fylkeskommunen sitt ansvar i store fylkesvegprosjekt.
  • Sekretariat for den administrative styringsgruppa for Nordøyvegen.
  • I tillegg kan koordinatoren bli pålagt oppgåver som naturleg fell inn under fagområdet.

Prosjektkoordinatoren vil i prosjektperioden til Nordøyvegprosjektet ha dette som hovudområde, og følgje prosjektet tett. Fylkeskommunen har oppretta ei eiga administrativ styringsgruppe for prosjektet, i tillegg er plannemnd for samferdselsutbygging politisk styringsgruppe. Prosjektkoordinatoren vil ha ei rolle både til den administrative og den politiske styringsgruppa.

For andre store prosjekt vil prosjektkoordinatoren ha ein meir utvida funksjon.

Reiseaktivitet må påreknast.

Krav til kompetanse

  • Ingeniørutdanning eller anna treårig relevant utdanning frå universitet eller høgskole.
  • Relevant erfaring frå prosjektleiing fortrinnsvis som prosjekteigar.
  • Erfaring frå eller kunnskap om vegbygging/prosjektering
  • Kompetanse og erfaring med risikostyring.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og utviklande arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på medarbeidarar for vekst og utvikling av best moglege tenester
  • Introduksjonsprogram
  • Eige leiarutviklingsprogram for leiarkandidatar 
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.

Vi brukar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle som fyller kompetansekrava er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Møre og Romsdal fylkeskommune brukar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. Søknadsskjema finn du på www.mrfylke.no/utlysing  

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Kontakter

Navn: Per Ove Nydal:
Tittel: seksjonsleiar infrastruktur
E-post: per.ove.nydal@mrfylke.no
Mobil: 41699916
Arbeid: +4771280124

Navn: Arild Fuglseth
Tittel: samferdselssjef
E-post: arild.fuglseth@mrfylke.no
Mobil: 91530085
Arbeid: +4771280267

Ansettelsesform

Fast

Søk nå