10/01/2018

Lærar ved Svelgen oppvekst

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.02.2018

Svelgen oppvekst har barnehage med 5 avdelingar og er ein barne- og ungdomsskule frå 1.-10. klasse med 203 elevar. 

For skuleåret 2018/2019 har Svelgen oppvekst ledig inntil fem faste stillingar som lærar i 100%.

Fagønskje: norsk, engelsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, naturfag, kroppsøving, kunst og handtverk og spesial pedagogikk. Søkjarar med anna fagkompetanse kan òg søkje

Den som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar:

• Ha gode samarbeidsevner
• Vere tydeleg og motivert leiar i klasserommet
• Vere engasjert til det beste for barn og elevar

Gode norskkunnskapar vert vektlagt.

Kontaktperson: 
Driftssjef ved Svelgen oppvekst Sindre Fjeld, tlf. 468 06 321

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå